Vi må dyrka havet!
FN sitt klimapanel (IPCC) la fram ein ny rapport den 31.03. Same dagen blei den også levert til den norske klima – og miljøvernministeren. Dette er dyster lesing. Radikale tiltak må til for å halda oss innafor ein maksimal temperaturauke på 2˚ C i 2050.
Men vi lever i ei tid fylt av paradoks. I ulike rapportar, som t.d. frå Verdsbanken (World Bank) i 2014 og FAO i 2010 (FN sin organisasjon for landbruk og mat) er konklusjonane klare; matproduksjonen må aukast med 70 % og energiproduksjonen må opp 100 % for å dekka behovet til ni milliardar menneske i 2050. Utan ein slik auke som må vera basert på fornybare kjelder får vi ikkje kontroll med fattigdom, svolt og underernæring. Mat er avgjerande for velferd, men det er også stabil tilførsle av energi. Å dekka desse to behova er avgjerande i kampen mot fattigdom. Ca 30 % av dei sju milliardane menneske som lever på jorda i dag har ikkje stabil energiforsyning til oppvarming, matlaging, personleg hygiene, transport osv. Er det ein interessekonflikt mellom det som både FAO og Verdsbanken er einige om og FN sitt klimapanel? Svaret er nei, vi kan klara begge deler. Men mange ministrar må på banen for å nå måla, og kanskje den viktigaste er Fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Hausting i havet - redninga til generasjonar
Svaret både låg og ligg i verdshava. 71 % av heile jorda si overflate er hav, og dei kystnære områda er grunne og har stor produksjon både av fisk, skaldyr, tang, tare osv. Menneska har nytta dette biologiske produksjonspotensialet gjennom hausting i tusenvis av år. Dette har gitt tilgang på mat og energi, og det er ingen tvil om at menneska i kyststroka har vore dei mest innovative gjennom historia. Gjennom hausting hadde dei tilgang på energi og mat, dei fekk overskot til å driva med anna enn bare å skaffa det daglege brødet.
Vi må dyrka havet
Akvakultur er ei gammal næring; innfødde i Australia oppdretta ål for ca 6000 år sidan, Kina si historie er best kjent og representerer ein 4000 år gamal tradisjon, romarane var i førarsetet i si glanstid i Europa, og seinare tok munkane over denne tradisjonen. Oppdrettet gjekk føre i ferskvatn, medan dei hausta rikeleg av havet sine ressursar.
Nordmenn var nokre av dei første til å ta havet i bruk for oppdrett av fisk. Den første laksen blei slakta ved starten på 1970-talet i Nordland og i Trøndelag. Dei følgde tidleg etter både i Middelhavet, i Asia og Sør – og Mellom-Amerika. Her har dei kopiert og tilpassa norsk teknologi for oppdrett av lokale fiskeartar i sjøvatn.
Havet har enorm sjølvreinsingskapasitet og dermed stor kapasitet til å bli brukt i industrialisert produksjon, og det er også eit framifrå lager for CO2. Dette potensialet må utnyttast om vi skal løysa dei globale utfordringane knytt til mat, energi og klima.
Og akvakultur er ein svært effektiv måte å nytta havet på. Eit døme er at Noreg nå produserer ca. 1.5 millionar tonn laksefisk, eller 1.5 milliardar kilo. Til denne produksjonen legg næringa beslag på eit havområde som er like stort som Noreg si tiande største øy, Andøya. Eit raskt blikk på kartet fortel oss at Andøya utgjer ikkje ein stor del av den norske kystlinja.
Mat, fôr og fornybar energi – nye kjelder?
Akvakultur omfattar mykje meir enn oppdrett av laks. Vi kan produsera råvarer til fôr, mat og energi i havet. Historisk har tang og tare blitt brukt til gjødsel, mat, fôr og energi. Men så fekk vi den grøne revolusjonen på 1960-talet og vi kunne gjødsla land og få store avlingar. Ein tilsvarande revolusjon er det å ta i bruk havet for intensiv produksjon, og vi treng små areal. I tang og tare finn vi t.d. sukker, protein, medisin og eit utal stoff som er svært gode for helsa vår. Protein kan nyttast som fôr og mat, sukker kan nyttast som energikjelde direkte eller vi kan gjæra det og få biodrivstoff. Vi har tusenvis av ulike sortar mikroalgar i havet (t.d. dei som gjer havet grønt om våren). Nokre mikroalgar har t.d. 50 % sunne, fleirumetta feittsyrer som vi finn i feit fisk som sardinar, makrell, laks osv.
Vi kan ta kystsona i bruk for å dyrka og hausta tang og tare under intensive og kontrollerte forhold. Forsking ved t.d. Bioforsk viser at dette kan gjerast på ein bærekraftig og kostnadseffektiv måte. Det same gjeld industriell produksjon av mikroalgar på land i bioreaktorar. I desse reaktorane kan innsatsfaktorar som lys, temperatur og tilgang på næringsstoff kontrollerast. Og for både tang, tare og mikroalgar kan ein setja opp fabrikkar der ein kan trekkja ut dei næringsstoffa ein treng både til mat til folk, fôr til dyr og fisk og fornybar energi.
Universitetet i Nordland samarbeider med internasjonalt leiande miljø i Europa og USA spesielt knytt til produksjon av mikroalgar, og vi studerer næringsverdien av desse kjeldene. Det er sunne og næringsrike produkt for menneske, dyr og fisk. I fleire prosjekt er det vist at olje frå mikroalgar er eit framifrå biodrivstoff, og så kan vi nytta reststoffa til sunt og næringsrikt fôr eller som mat!
Optimisten i meg fortel meg at vi kan klara å nå målet for utslepp av klimagassar for å hindra at temperaturen stig meir enn 2 ˚C i 2050. Vi kan både produsera nok mat til komande slekter og dei kan få tilgang på tilstrekkeleg fornybar energi for å sikra velferd og velvære!
Dei nye løysingane skal vera bærekraftige.
Vi treng politisk nytenking.
Løysingane må vera baserte på forsking og forskingsbasert kunnskap.