– Eg er oppteken av gode prosessar, seier svalbardministaren

Emilie Enger Mehl.

Emilie Enger Mehl (Sp) er justis- og beredskapsminster, samt svalbardminister. (Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet)

Men svalbardministar Emilie Enger Mehl (Sp) seier det er for tidleg å svare på korleis den nye regjeringa vil forhalde seg til stemmerett, miljølovgiving og skule.

For to veker sidan skreiv High North News at sentrale styresmakter strammar grepet om Svalbard. Fire store høyringar (se faktabokser nederst i saken) har kome på bordet det siste året. Lokale aktørar er uroa for konsekvensane. Styresmaktene vurderer mellom anna å ta frå utlendingar stemmerett lokalt, dei set rammer for kor mykje spesialundervisning skulen skal gi, aukar vernet om naturen, og stiller strengare krav til tryggleik i felt.

No svarar justis- og svalbardministar Emilie Enger Mehl (Sp).

– Korleis stiller den nye regjeringa seg til desse høyringane?

– Det er for tidleg å seie noko om korleis me forheld oss til desse sakene. Det må me koma tilbake til. På generelt grunnlag har eg oppfatta at folk på Svalbard ikkje har følt seg tilstrekkeleg høyrt i saker som har betyding for kvardagen og næringslivet. Det vil nok koma saker også i framtida der me er usamde, svarar Mehl.

– Men eg er oppteken av gode prosessar, og å leggje til rette for at folk får kome med sine innspel i saker som angår dei, så langt det let seg gjere, seier svalbardministeren.

Brei politisk semje

I Hurdalsplattformen skriv den nye regjeringa at Svalbard har stor strategisk betyding for Noregs mogelegheiter i nordområda og Arktis. Svalbardpolitikken er derfor ein viktig del av regjeringas nordområdepolitikk. Dei vil vidareutvikle Svalbard-politikken på ein måte som sikrar norske interesser og norsk busetting, og ivaretek ei bærekraftig utvikling i Arktis.

– Korleis vil de gjere dette?

– Dei overordna måla for svalbardpolitikken har lege fast gjennom lang tid. Den breie politiske semja om desse måla har ført til at forvaltinga av Svalbard er prega av kontinuitet, at den er føreseieleg og følgjer lange linjer. Då stortinget behandla den siste i rekka av heilskaplege stortingsmeldingar om Svalbard i 2016, sto Longyearby-samfunnet i ei omstilling som følgje av avviklinga av kolverksemda i Svea, skriv Mehl til High North News.

– Samfunnet er framleis i omstilling, og det vil også i tida som kjem vera behov for å vurdere grep og tilretteleggingar som bidreg til å oppretthalde det svalbardpolitiske målet om eit livskraftig og allsidig lokalsamfunn i Longyearbyen, seier Mehl.

Svalbardpolitiske mål:

Dei fem overordna:

  • Ei korrekt og fast handheving av suvereniteten.
  • Korrekt handheving av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd.
  • Bevaring av ro og stabilitet i området.
  • Bevaring av områdets særeigne villmarksnatur.
  • Å oppretthalde norske samfunn på̊ øygruppa.

Oppretthalde norske samfunn

– Vil de gjere endringar samanlikna med førre regjering?

– Det er for tidleg å seie noko om dette no, utover at me er opptekne av dei lange linjene i svalbardpolitikken og å vidareføre ei forvaltning som er føreseieleg og prega av kontinuitet. Å oppretthalde norske samfunn på øygruppa har lenge vore eit viktig mål i svalbardpolitikken, og er godt forankra i Stortinget. Longyearbyen er administrasjonssenteret i landets nordlegaste region, seier Mehl.

– For å oppfylle målet om å oppretthalde norske samfunn på Svalbard, er det viktig å legge til rette for eit velfungerande næringsliv i Longyearbyen. Regjeringa vil fortløpande vurdere tiltak som understøttar dette målet. I første omgang var det viktig for meg å få skredsikring av Vannledningsdalen inn i årets budsjett, og eg er glad for at me har sett av 40 millionar kroner til å betre tryggleiken i Longyearbyen, svarar svalbardministaren.

Press på infrastrukturen

– Ynskjer de færre innbyggjarar i Longyearbyen?

– Innbyggjartallet i Longyearbyen er relativt stabilt, men har auka dei siste åra. Det er no eit press både på infrastruktur og tenestetilbod. Befolkningssamansetninga har også endra seg i takt med at Longyearbyen har utvikla seg frå å væra ein stad bygd kring ein hjørnesteinsbedrift, til ein stad med eit meir allsidig og variert næringsgrunnlag. Dette er naturlige endringar, samtidig som dei òg medfører nye utfordringar som det blir naudsynt at regjeringa jobbar vidare med, seier Mehl.

– Ynskjer de færre utlendingar i Longyearbyen?

– Det er viktig at det er ein balanse i forholdet mellom talet på norske og utanlandske statsborgarar i Longyearbyen.

Ynskjer å koma til Svalbard

– Kva grep vil de eventuelt gjere for å nå desse måla?

– Sysselsetting og eit velfungerande nærings- og arbeidsliv er avgjerande for at Longyearbyen fortsatt skal vera ein attraktiv stad å bu for norske familiar, skriv Mehl.

– Har svalbardministaren planer om å koma på besøk til Svalbard i løpet av hausten?

– Eg har eit ynskje om å koma til Svalbard raskt, men må koma nærare tilbake til tidspunktet, svarar Mehl.

Høyringsforslag om stemmerett:

Personar som ikkje er norske statsborgarar har stemmerett og er valgbare til lokalstyret berre dersom dei har vore folkeregistrert busatt i ein norsk kommune dei tre siste åra før dei flytta til Longyearbyen. (I dag får dei stemmerett ved tre års butid i Longyearbyen)

Høyringsfrist var 25. oktober 2021.

Høyringforslag om oppvekstsektoren for Longyearbyen:

  • For grunnskulen set forslaget mellom anna rammer for kor mykje spesialundervising Longyearbyen lokalstyre skal tilby. Departementet foreslår òg at Longyearbyen lokalstyre ikkje skal ha plikt til å tilby korkje kulturskole, leksehjelp, leirskule eller SFO.
  • Longyearbyen lokalstyre pliktar å ha et tilbod om barnehage for minst ti barn over tre år og minst fem barn under tre år.
  • Private aktørar kan ikkje tilby barnehageverksemd.

Høyringsfrist var 15. august 2021.

Høyringsforslag - svalbardmilølova med tilhøyrande forskrifter:

  • Regulere turistverksemders løyve til å gå i land frå båt i verneområder. Gå frå prinsippet om at ferdsel som hovudregel er lov, til at det i utgangspunktet blir forbode i verneområda anna enn på 42 kartfesta områder.
  • Cruiseskip som ferdast i verneområda kan maks ha 200 passasjerar om bord.
  • Skjerping av forbodet mot å oppsøke isbjørn og eit krav om å halde minst 500 meters avstand.
  • Forbod mot motorferdsel på sjøis i fleire områder frå 1. mars.
  • Forbod mot bryting av fastis og is som er i ferd med å leggje seg, med unntak av hamnene i Longyearbyen, Barentsburg og Ny-Ålesund.
  • Fartsgrense i sjø på 5 knop i eit område 500 meter frå utvalde fuglefjell frå 1. april til 31. august.
  • Minsteavstand på 300 meter frå liggeplassane til kvalrossar, når ein kjem frå sjøen.
  • Forbod mot bruk av undervassfartøy.
  • Krav til søknad for telt- og leiropphald i turist-, felt-, forskings- og utdanningsverksemd. Andre må søke om dei skal telte same stad i meir enn ei veke. Krav til vaken isbjørnvakt.
  • Forbod mot droner og fjernstyrte eller autonome ubemanna innretningar i lufta og på bakken og under vatn i verneområda. Forbod mot bruk av droner nær 500 meter frå fuglefjell i tida 1. april til 31. august.

Høyringsforslag: turistforskrift blir felttryggleikforskrift

  • Krav til sertifiserte Svalbard-guidar.
  • Turist- og feltaktørar må søke om lov til ferdsel og aktivitet over heile Svalbard. Tidlegare var det meldeplikt.
  • Forsking- og utdanningsaktivitet får også forsikringsplikt, på lik linje med turist- og feltaktørar.
  • Tidlegare fastbuande blir rekna som turistar/individuelle reisande etter forskrifta.
  • Krav til å ha med våpen og skremmemidlar for jaging av isbjørn utanfor bebudd område. Fastbuande har sjølve ansvar for å vurdere når våpen skal vera med.
  • Pakkelova blir gjeldande for Svalbard.

Høyringsfrist 1. februar 2022.

Nærings- og innovasjonsstrategi for Svalbard frå 2019:

  • Ny næringsaktivitet på Svalbard skal naturleg dra nytte av Svalbards særeigne natur eller beliggenhet.
  • Ønskelig med stabile, heilårige og lønsame arbeidsplassar.
  • Næringsutvikling og ny aktivitet må skje innanfor miljøregelverket og miljømåla som gjeld for Svalbard.
  • Ny og utvida næringsverksemd vil utgå frå Longyearbyen.
  • Det er ikkje eit mål at samfunnet skal vokse utover dagens nivå. Regjeringa ynsker ikkje å legge til rette for en vekst som raskt gir behov for store investeringar i ny infrastruktur.

Les også:

Nøkkelord