Svalbard: Tomt i Svea sentrum

Svea, sentrum fjernet, Svalbard.

Svea sentrum er nesten borte. Då High North News var forbi for to veker sidan, sto framleis det knall grøne hybelbygget Låven. No har også det gått i kverna. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

25 bygg er fjerna frå Svea så langt. No står lasteanlegget på Kapp Amsterdam for tur.

Svalbard: Rivingsarbeidet i Svea går etter planen. No er dei fleste trehusa i sentrum av Svea rivne, i alt 25 bygningar er borte, medan lasteanlegget på Kapp Amsterdam, verkstad- og lagerbygg står for tur.

Det er AF Decom som har fått jobben med å rive det meste av bygningsmassen og infrastrukturen i Svea. Dei fekk inn fleire maskiner og conteinarar med den siste båten som kom seg inn til Svea før fjorden fraus.

Gudmund Løvli var med på å kartleggje Svea Nord-gruva på 1990-talet. (Foto: Line Nagell Ylvisåker)

Gudmund Løvli var med på å kartleggje Svea Nord-gruva på 1990-talet. Då gruva stengde endeleg i mars i fjor, var det han med å halde kjettingen. No leier han arbeidet med  å fjerne alle spor.

(Gudmund Løvli was involved in mapping the Svea Nord mine in the 1990s. When the mine finally closed in March last year, he was the one holding the chain. Now he hires the work of removing all traces).

Gudmund Løvli leiar miljøprosjektet for Store Norske.

– Alt går etter planen både når det gjeld framdrift, HMS og økonomi, seier Gudmund Løvli som leiar miljøprosjektet for Store Norske.

Passar på kulturminner

Så godt som alle spor frå gruvesamfunnet skal fjernast, mellom anna bygg, vegar, flyplass og kai. Massar skal deponerast slik at breoverflata og fjellsida ikkje ser ut til å vera påverka av menneske.

Berre nokre få kulturminner skal stå att. Denne veka kom det arkeologar til arbeidsleiren for å syta for at ingen kulturminner går tapt i tilbakeføringsprosessen. Alle restar frå aktivitet frå tida før 1946 er freda på Svalbard.

Prosjektet blir finansiert med til saman inntil 2,5 milliardar kroner gjennom statsbudsjettet.

Siste del

20. mai la Store Norske lagt ut siste delen av tilbakeføringsjobben på anbod. Det er terrengarbeid i Svea sentrum og heile vegen til og mede Kapp Amsterdam.

Innan 2024 skal tilbakeføringa til naturen vera ferdig. Deretter skal naturen ta over og naturlege prosessar gå sin gang.

Bildeserie:

Les også:

Nøkkelord