Første doktorgrad i ergoterapi
Astrid Gramstad er den første ergoterapeuten som disputerer frå ergoterapiutdanninga ved UiT Norges arktiske universitet, melder Ryfylke på nett
– Eg var meir nervøs i sist veke. Det har vore mykje hard jobbing og det handlar om å vera best muleg førebudd. Eg trur det skal gå ganske greitt på fredag, seier Astrid Gramstad.
Komande fredag disputerer 37-åringen for doktorgrad i helsevitenskap og vil då forsvara avhandlinga si: ”Å få og ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel – ei gåtefull reise. Ei kvalitativ undersøking av heimebuande eldre sine erfaringar”.
– Ettersom eg er den første ergoterapeuten her som disputerer for ei doktorgrad vil det nok vera fleire, både studentar og førelesarar, frå ergoterapiutdanninga og andre i fagmiljøet til stades. Elles reknar eg med at familie og venner kjem, seier Gramstad.
Astrid Gramstad har i sitt arbeid med doktorgraden gjort sine undersøkingar blant heimebuande eldre i Troms fylke, både i byområde og på mindre stader.