Regulering fastsett for fisket etter brosme og lange nord for 62°N

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett regulering for fisket etter brosme og lange nord for 62° N. Totalkvotene er sett til 8071 tonn brosme og 8600 tonn lange.

Totalkvota vert fordelt basert på same fordelingsnøkkel som i 2024, med 36,94 prosent til gruppa under 28 meter og 63,06 prosent til gruppa over 28 meter for brosme, og 53,64 prosent til gruppa under 28 meter og 46,36 prosent til gruppa over 28 meter for lange.

For gruppa under 28 meter vil fisket etter brosme gå føre seg som eit bifangstfiske med 30 prosent bifangstgrense på vekebasis frå starten av året.

LES OGSÅ: Norge og Færøyene inngår fiskeriavtale for 2025