- Fisk er framtida for norsk matproduksjon
Matproduksjon er i fokus som aldri før. Aktørar som EAT set fokus på at verda skal fø ni millardar menneskje innan 2050. Hjeltnes er administrerande direktør i medieselskapet Creuna, og ein av forkjemperane for fiskenæringa i Norge. Der han blant anna har fronta laks og norsk fisk i utlandet i fleire år, blant anna i Hong Kong og for Marine Harvest.
Hjeltnes uttrykte under møtet tysdag at Bergen og sjømatnæringane må tenkja stort og samla kreftene saman i klynger. Fisk, og særleg laks, er essensielt for Noreg. Du kan utvinne store mengder fisk i forhold til biff og anna kjøtt. Ved 100 kg fòr, får du 65 kg laksefilet, 20 kg kyllingfilet, og 13 kg svinefilet, skriv Kyst.no
- Laks er eit reint produkt med billig protein, og viktigheita av miljøvennleg mat blir berre større i verda. Laks er ikkje bare meir miljøvennleg, men også sunnare. Noreg som land må utnytte dei havresursane me har tilgjengeleg, seier han.