Kronikk: Arktiske samfunn har løysingar vi kan lære av

Reykjavik

Maria Kourkouli deltok på Arctic Circle Assembly i Reykjavik tidligere denne måneden. (Foto: Markus Johnsen Thonhaugen)

Kronikk: I nord finn vi ikkje berre utfordringar, men òg verdifull kunnskap om korleis vi kan møte framtida. Gjennom eit unikt forskingsprosjekt samlar vi no erfaringane frå folk som lever og arbeider i Arktis.

Read in English

Dette er et debattinnlegg skrevet av en ekstern bidragsyter. Alle meninger og oppfatninger er forfatterens egne.

Nyleg stod eg framfor eit internasjonalt publikum på Arctic Circle Assembly i Reykjavik.

På berre 90 sekund fekk eg sjansen til å dele eit bodskap eg trur sterkt på: Arktiske samfunn har løysingar vi kan lære av.

Arctic Innovation Lab er eit arrangement og ein konkurranse som samlar unge arktiske leiarar med forskarar, politikarar og teknologiekspertar. Bodskapen min var enkel: Vi må stå saman og dele erfaringane våre om korleis vi taklar utfordringane.

Som prosjektdeltakar ved Business Index North er eg del av eit samarbeid mellom Nordområdesenteret på Nord universitet og Harvard Kennedy School sitt Belfer Center.

Prosjektet vårt "What it means to be resilient: Lessons from the Arctic" inviterer arktiske samfunn til å dele historiene sine om tilpassing, endring og motstandskraft.

Eit sterkare og meir berekraftig Arktis.

Byggje bru mellom forsking og praksis

Dei arktiske samfunna har ulike måtar å møte utfordringane sine på. I prosjektet vårt samlar vi desse erfaringane på fleire vis: Vi skriv ei forskingsbasert bok med døme frå kvardagen, lagar eit digitalt kart der folk kan dele historiene sine, arrangerer møte mellom lokalsamfunn og fagfolk.

Og lagar podkastar for å spreie kunnskapen vidare.

Gjennom intervju med samfunnsmedlemmer vil vi framheve korleis folk i Arktis er involverte og forstå tilnærmingane deira til ulike utfordringar. Når samfunn deler erfaringane sine, hjelper dei til med å byggje eit sterkare og meir berekraftig Arktis.

Masterstudiane mine i Bærekraftig ledelse og arktiske perspektiver ved Nord universitet har vist meg at det å kople saman forsking, avgjerdstaking og samfunnshandling er avgjerande for berekraftig utvikling i nord.

Dette prosjektet gjer nettopp det: det byggjer bru mellom akademisk forsking, samfunnspraksis og politikk for å styrkje arktisk berekraft på praktiske og verknadsfulle måtar.

Les også (teksten fortsetter):

Dette er ikkje berre suksesshistorier, det er handlingsretta lærdom som andre samfunn kan lære av og byggje vidare på.

Vegen framover

Bakgrunnen min innan leiarskap og arbeidspsykologi har lært meg at motstandskraft aldri berre er individuell – han er kollektiv. Fellesskapet i dei arktiske samfunna bidrar til at folk klarar å tilpasse seg og finne gode løysingar.

Arktis treng ikkje å bli redda; det treng å bli lytta til. Då eg stod i Reykjavik, vart eg mint på at medan verda diskuterer arktiske utfordringar, er arktiske samfunn allereie i gang med å setje i verk løysingar.

Ved å samle og dele desse historiene tek vi sikte på å byggje ei berekraftig framtid, leia av dei som kjennar Arktis best.

Maria Kourkouli er prosjektdeltakar i Business Index North og masterstudent i Bærekraftig ledelse og arktiske perspektiver ved Handelshøgskolen på Nord universitet.

Nøkkelord